Bordtennis / Regioner / Region Vest / Nyheter / Samarbeid mellom Stord BTK og Laksevåg BTK
Otto Hatlebakk, ein av motorane i Laksevåg BTK
Foto: Privat
Otto Hatlebakk, ein av motorane i Laksevåg BTK Foto: Privat

Samarbeid mellom Stord BTK og Laksevåg BTK

Laksevåg BTK og Stord BTK har blitt einige om eit samarbeid mellom klubbane for å gi nokre unge spelarar litt ekstra motivasjon og trening på tvers av klubbane.

Under vekas treningsleir på Stord har det vert dialog mellom klubbleiarane og ein har vert samde om å prøva noko saman for å skapa meir aktivitet i klubbane. Og kanskje også på sikt i regionen.

Avtalen går ut på at begge klubbane arrangerer ei dagssamling før jul og ei etter jul. Den siste samlinga blir i Olsvikhallen samstundes som Laksevåg spelar Eliteserie, slik at dei unge bordtennisspelarane kan kombinera trening med å sjå nokre av dei beste spelarane serien vår har å by på.

Tanken er at andre klubbar også kan få vera med på samlinga og det vil komma innbydelse til andre klubbar i distrikta i forkant av samlingane.

Katalysatorane for samlinga, Atle Irgens og Otto Hatlebakk, håpar at nokre gode samlingar skal gi utbytte både treningsmessig men også å skapa eit sosialt nettverk for dei litt yngre spelarane.

Fokus på samlingane blir ein kombinasjon av teknikktrening og kamptrening.

Link til sak på Laksevågs heimasida.

Felles treninger mellom Stord og Laksevåg.docx

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping