Bordtennis / Regioner / Region Vest / Nyheter / Resultater frå Stord Cup 2024
Nyehallen i Stord Idrettspark var pynta til fest forrige helg. Foto: Privat
Nyehallen i Stord Idrettspark var pynta til fest forrige helg. Foto: Privat

Resultater frå Stord Cup 2024

Laurdag 12.oktober gjekk den årvisse Stord Cup av stabelen med over 100 deltakarar, alle frå Region Vest. Stord Cup har no vorte arrangert kvart einaste år sidan 1978 så årets utgåve var den 47. i rekkja.

Primus motor for Stord Cup, Atle Irgens, er nøgd med årets utgåve og særskild at det denne gang vart arrangert i Nyehallen. Stord BTK har som mål å bruka denne hallen fast på klubbens arrangement framover.

Grunna stor deltakelse i nokre klassar var det ikkje nok med 20 bord i ein hall så også "Gamlehallen" måtte nyttast for nokre av kampane. Totalt 26 bord og alle 190 av klubbens barrikadar var i bruk under turneringa.

Gledelig at det var god deltakelse i rekruttklassane (9 stk i eldre og 10 stk i yngre) og at ein fekk gjennomført ein eigen klasse for damer med 5 deltakarar. Totalt deltok det 9 jenter/damer, så regionen og klubbane har fortsatt ein jobb å gjer for å auka dette talet.

Totalt vart da spelt nær 500 kampar med start kl.10.00 og siste finalen vart satt i gang litt over 20.00. Langt i frå ideelt og arrangørstaben har alt gjort seg opp nokre tankar for neste års turnering. Ein kan alt no sei at start- og slutt-tid blir endra slik at dagen i hallen ikkje blir lika lang for både spelarar, tilskodera og frivillige.

Her kan ein sjå resultatliste frå turneringa

Ekstra gledelig for arrangørklubben var at Nils Arne Stuve har gjort comeback etter ein lengre pause etter fjorårets veteran NM på heimebane, her ser me han i fin form ifm. nedrigging kl 21.00 laurdag kveld. Og alle som kjenner Nils Arne veit at me då har med eit fyrverkeri av person å gjera.

NilsArneStuve.jpg

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping