Stemnet er underlagt NBTF sitt konkurransereglement og NIF sine dopingbestemmelsar. Stemnetiaren ligg inne i startkontingenten. Det vert puljespel i alle klassar bortsett frå dobbelklassane.
Påmelding: Seinast 30. januar til jan@hbtk.no
Det vert kiosksal i hallen.
Ta kontakt med Håvard Markhus for meir info (havard@hbtk.no - 91535549)
Overdommar: Håvard Markhus
Turneringsleiing: Brage Titlestad, Kim-Erling Bolstad-Larssen, Aodne Valland, Jan Visser, Håvard Markhus
NB! For at alle medlemer frå Hardanger BTK skal kunna vera med , håpar me alle kan unngå bruk av alle typar parfymerte produkt.
Det vil bli eigne jente/dameklassar dersom det vert minst fire deltakarar i rekrutt, 11, 13, 15, junior, open og veteran.
Rekrutt kan verta delt inn i ulike klassar etter alder ved stor deltaking. Oppgje alder på spelarane ved påmelding. Det vert både A- og B-sluttspel for rekruttane.
Spelarar kan melda seg på i ein klasse pr bolk. NB!. Rekruttar kan ikkje delta i bolk 2.
Alle som er fødd i 2013 eller tidlegare må ha betalt lisens til NBTF. Gjeld ikkje Golden Girls, Golden Boys og rekrutt.
Hallen opnar kl. 09.30.
Bolk 1 kl. 10.30
- Herrar/damer dobbel kr 260,-
- Herrar E dobbel kr 260,-
- Gutar/jenter dobbel kr 200,-
- Gutar/jenter rekrutt kr 130,-
Bolk 2 kl. 11.30- 12.30
- Golden Girls og Golden Boys kr 210,-
- Herrar B kr 210,-
- Herrar D kr 210,-
- Herrar F kr 210,-
- Herrar/damer veteran kr 210,-
- Herrar/damer junior kr 180,-
- Gutar/jenter 13 år kr 150,-
Bolk 3 kl. 15.00-16.00
- Herrar/damer open kr 210,-
- Para open kr 210,-
- Herrar C kr 210,-
- Herrar E kr 210,-
- Gutar/jenter 15 år kr 150,-
- Gutar/jenter 11 år kr 130,-









