Bordtennis / Regioner / Region Vest / Nyheter / Litt status frå våre regionale seriar
Hardanger BTK 2 har vore suverene til no i år i si 4. divisjonspulje
Foto: Hardanger BTK
Hardanger BTK 2 har vore suverene til no i år i si 4. divisjonspulje Foto: Hardanger BTK

Litt status frå våre regionale seriar

Bordtennis er meir enn berre regionale og nasjonale turneringar. Seriespelet går sin vante gang frå september til mars/april men får sjeldan den heilt store merksemda. Derfor kjem det her ein liten oppdatering frå dei regionale seriane våre.

Status før sluttspurten i Regionens seriespel.

3.divisjon 
I denne divisjonen står opprykket mellom Rosseland BTK (18 poeng), Fjell-Kam (16 poeng) og Laksevåg BTK 2 (13 poeng). Dei 2 førstnevnte har spelt 10/14 kampar mens Laksevåg kun har spelt 8 kampar, og med siger kan legga seg mellom dei 2 topplaga.
Under streken finn me Laksevåg 3 (2 poeng) og 4 (1 poeng) som kjempar med Sportsklubben Heros 2 (3 poeng), skal nevnast at Lakevåglaga har ein kamp mindre spelt. Føre dei finn me Haugesund BTK 2 med 8 poeng (10 kampar) og Sportsklubben Heros med 11 poeng etter 9 kampar.

Rosseland TH MG GG.jpg

Rosseland toppar tabellen her representert med Tobias, Martin og Garman.

Dersom me ser litt på det individuella i serien så tronar Rosselands Pål Horpestad i einsam majestet på toppen med full skore og 120 poeng føre klubbkamerat Johan Garman Grude og Fjell's John Grahl Madsen med hhv. 84 og 81 poeng.
Totalt har disse laga erobra dei 7 øvste plassane på lista. Ellers kjekt å sjå at unge Tobias Horpestad (2010 modell) ligg heilt oppe på 4 plass med 75 poeng og singelkvotar på 8-2 oppe og 10-0 nede så her har regionen ein spelar med ei lys framtid om treningsiveren held fram.
#-SPILLER 
1-Pål Horpestad, Rosseland BTK - 20-0 0-0 10-0 0-0 120p
2-Johan Garman Grude, Rosseland BTK - 8-2 8-2 10-0 0-0 84p
3-John Grahl-Madsen, Fjell-Kam - 8-2 9-1 6-3 2-0 81p

4.divisjon
På dette nivået har regionen 2 avdelingar, eit avdeling for nordre delen og ei som dekkar frå Stord i nord til Rosseland i sør.

I Avd. 4V (Nordpulja) har Hardanger BTK gjort reint bord og i praksis avgjort opprykket etter 8 av 12 spelte kampar, bak laget frå Norheimsund er det jamt mellom Bergen PIL 2, Fjell-Kam 2, Laksevåg BTK 5, Sportsklubben Heros 3 og Fjell-Kam 3 så her kan alt skje sjølv om dei ikkje kjempar om å unngå nedrykk då Stord BTK 4 har trekt laget pga. mannskapsproblemar.

Ser me på det individuelle i denne avdelinga så tronar ikkje overraskande Hardanger spelarane, Kestutis Barauskas og Håvard Markhus klart på topp. Kestutis har 24-0 i singelkvote, 7-0 i dobbelkvote og totalt 86p mens Markhus står med 22-2, 4-0 og 74p. På siste "pallplass" finn me Aleksander Sjursen frå Laksevåg med 59 poeng.
#-SPILLER SINGLE DOUBLE P
1-Kestutis Barauskas, Hardanger BTK 2 - 24-0 7-0 86p
2-Håvard Markhus, Hardanger BTK 2 - 22-2 4-0 74p
3-Aleksander Sjursen, Laksevåg BTK 5 - 17-7 4-4 59p

I Avd 4VS (Sør) kjempar 2 lag om opprykket og foreløpig leder Figgjo BTK avdelinga med 19 poeng på 10 kampar føre Stord BTK 2 som har 13 poeng på 8 kampar. Og alt til helga går siste oppgjeret mellom klubbane som har Henning Pedersen og Atle Irgens som primus motorar, og det ryktes i bordtennismiljøet at det har vert fleire samtalar mellom partane ift. korleis lagsammansettinga blir f.k. sundag.
Bak disse klubbane lurar 2 Rosseland lag som teoretisk kan legga seg heilt opp i ryggen på ledarlaga i avdelingen. I bunn finn me Randaberg håplaust fortapt med 0p på 9 kampar og Figgjo BTK 2 og Haugesund BTK 3 som kjempar hardt for å unngå den siste nedrykksplassen. Her har Stord BTK 3 nokre hengekampar å spela seg vekk ifrå nedrykksstriden.

AI CI HP kake.jpg

Atle Irgens og Henning Pedersen kjempar om opprykket til 3.divisjon i "sør-pulja", her saman med presidenten i ein tidlegare setting.

I kampen om å bli årets lagspelar så ligg Kjetil Sætre frå Figgjo BTK i klar leiing føre klubbkamerat Henning Pedersen og Stord BTKs Atle Irgens. Mykje skal skje her om det skal bli endring på toppen.
#-SPILLER SINGLE DOUBLE P
1-Kjetil Sætre, Figgjo BTK - 27-0 4-1 89p
2-Henning Pedersen, Figgjo BTK - 21-9 5-3 73p
3-Atle Irgens, Stord BTK 2 - 21-3 3-4 69p

5. divisjon
Også på dette divisjonssteget har regionen ein nordpulje og ei sørpulje med samme grenser som for 4.divisjon.

Avd 5VN (Nord) består i år "kun" av 4 lag der Hardanger BTK 4 leder serien med 11p. Bergen PIL 3 følger hakk i hel med 8p, medan Hardanger BTK 3 og Sportsklubben Heros 4 kjem halsande etter med hhv. 7 og 6 poeng. Alle med 8 av 12 spelte kampar. Dette er med andre ord ei jamp pulje der ingenting er avgjort.

Årets lagspelar i denne avdelinga er absolutt ikkje avgjort, sjølv om Aodne Valland, Hardanger BTK 4 har ei lita leiing i toppen føre klubbkamerat Lars Henrik Mo og på delt 3.plass sjølvaste Don Alexander frå Sportsklubben Heros og Sandar Lyssand fra Hardanger BTK 3. Også på plassane bak er det jamt så her kan mykje endra seg før sesongen er over.
#-SPILLER SINGLE DOUBLE P
1-Aodne Valland, Hardanger BTK 4 - 15-8 5-1 50p
2-Lars Henrik Mo, Hardanger BTK 4 - 13-5 4-1 43p
3-Donald Alexander, Sp.kl Heros 4 - 14-4 0-3 42p
3-Sandar Lyssand, Hardanger BTK 3 - 13-8 3-1 42p

Aodne Valland Hardanger BTK.jpg

Aodne Valland toppar lista før sluttspurten i 5.div avdeling "nord".

Avd 5VS (Sør) består i år av heile 9 lag og pr. 22.02.23 så har alle laga spelt 9 kampar. Stord BTK 6 tronar føre klubbens 5. lag med hhv. 18 og 16 poeng. Alt tyder på at det er disse laga som styrer mot opprykk, sjølv om Stavanger BTK ligg på skuddhald med 11p på 3.plass.
I bunn finn me Figgjo BTK 3 med 1 poeng og Haugesund BTK 5 med 3p.

Også i denne avdelinga er det jamt om tittelen "Årets lagspelar", men heilt på topp finn me Torbjørn Litlabø frå Stord BTK 5 føre Liwei Tu frå Stavanger og Lars Stien, Stord BTK 6. Ein kan og sjå at ubeseira Alec Øpstad frå Stord BTK 6 lurar like bak teten på ein delt 4. plass saman med Pratyush Dhital, Haugesund BTK 4 og Simen Thorbjørnsen, Stord BTK 6 så her kjem det nok mange tøffe oppgjer fram mot serieslutt i Mars.
#-SPILLER SINGLE DOUBLE P
1-Torbjørn Litlabø, Stord BTK 5 - 22-5 6-0 72p
2-Liwei Tu, Stavanger BTK 2 - 22-4 4-5 70p
3-Lars Stien, Stord BTK 6 - 19-3 8-0 65p

TL TM.jpg

Her ser me Torbjørn saman med Truls Møregårdh under ei trening på Stord i 2020. Kan dette har bidratt til at Torbjørn i dag ligg øvst på "poenglista" i 5. divisjon "sør"? 

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping