Deltakara frå Norge, Sverige, Polen og Irland hadde tatt turen til Begen og Haukelandshallen denne helga for å delta i da som er tenkt som eit alternativ litt under dei internasjonale rankingturneringane. Turneringsledelsen har brukt både Malmø Open og Stockholm Paragames som inspirasjon for arrangementet, men samtidig prøvt å skapa noko litt eget. Ein landa då på å starta turneringa med lag-klasse på fredagen, spelt etter "Corbillion-cup" oppsettet, i motsetnad til f.eks. Malmø som kjører dobbel på turneringas første dag. Dette gav også mulighet for at spelarane fekk "coacha" kvarandre litt gjennom dagen. God læring var også litt av tanken i denne samanheng.
Etter litt samtalar med den irske ledelsen så blei arrangementet gjennomført sjølv med litt under 40 deltakarar, og i ettertid så var både arrangør og deltakara glade for det. Iranes landslagssjef, Sam Logue, var veldig tydelig på at deiras utviklingslag hadde behov for nett denne typen stevner (Som Malmø Open), og at dei hadde som mål om å vera med på 3 slike pr. år.
Tross i lav påmelding, så blei det 6 lag som deltok i lagklassen på fredagen. Det blei 2 pulje à 3 lag, med påfølgande semifinalar og finale. Dei 2 laga som enda på 3. plass spelte ein plasseringskamp samstundes som semifinalane gjekk.
Med klassestart kl. 12:00 og finalestart ca 18:00 vart også tidsskjema etter planen.
Stord BTK med sjøvaste Tommy Urhaug, Steffen Lande Salomonsen og Krizander Magnussen vant klassen, men fekk nokre tøffe enkeltkampar undervegs til finalesigeren mot eit samansett lag frå Polen og Sverige.
Lørdag var satt av til prestasjonsklassar på formiddagen, disse var delt inn i Elite, 1, 2, 3 og rekrutt. Og her var det knytta litt spenning til om spelarane var i nokelunde rett klasse, men sett i ettertid var da få, om noken som var plassert i feil klasse sjølv om det var noken som ikkje vant kampar, så var det mange tette 5 settara.
Klassevinnara var fordelt mellom 2x Norge, Sverige og Irland om me ser vekk i frå rekruttklassen.
Alle disse klassane blei gjennomført etter "Round robin" prinsippet, der alle møter alle.
Klassevinnarane var som følger:
Performance Class Elite: Krizander Magnussen (Stord BTK)
Performance Class 1: Sam Brennan (Table Tennis Ireland)
Performance Class 2: Dennis Johansson (Varbergs BTK)
Performance Class 3: Anton Børud (Larvik BTK)
Rekrutt: Filip Lu Oppheim (Kinsarvik/Harding)
Sam Brennan (Team Ireland) vant Prestasjonsklasse 1 føre Kristoffer Rye-Holmbøe (Trondheim BTK) og Nora Korneliussen (Fokus BTK)
Etter ein åpningsseremoni med storfint besøk av President Ibenfeldt, Idrettsbyråd Reidar Digrenes og ikkje minst Bergens "nasjonalsang" framført av Para-legenden Kåre Skorpen, blei da også premieutdeling for både lagklassen og prestasjonsklassane, utført av presidenten, legenden Tommy Urhaug og Bergen PILs egen Stig Erik Elliott. Avslutningsvis hadde og presidenten ein "overraskelse" på lur då han også overrekte flotte ord og ikkje minst det synlege beviset til Tommy Urhaug på at han er "Æresmedlem i Norges Bordtennisforbund".
Tommy Urhaug har her mottatt da synliga beviset på at han er æresmedlem i Norges Bordtennisforbund frå President Christian Ibenfeldt.
Bolk 2, eller ettermiddagsøkta, på lørdagen besto av klassar for juniorane. Det blei delt inn i ein klasse for sittande og ein for ståande. I junior ståande var da 12 deltakara og til slutt både A og B-sluttspel. I A-sluttspelet så var det 2 jamne oppgjer mellom 2 nordmenn og 2 irar sjølv om begge kampane enda 3-0 så var 5/6 sett med minst mulig margin, og til slutt blei det norsk-irsk oppgjer i finalen som Fredrik Skjøld-Hinze (Fokus BTK) vant 3-1.
Fredrik Skjøld-Hinze deler her pallen med Sam Brennan (2), Kristoffer Rye-Holmbøe (3) og Jude Sheldon (3)
B-sluttspelet vart vunne av Anton Børud (Larvik BTK) med Serina Eriksen (Bergen PIL) på 2 og Nikolai Bjordal (Stord BTK) og Lars Eriksen Steinsvik (Bergen PIL) på 3.plass
For ein som har følgt para-bordtennisen relativt tett dei seinare åra er da ekstra gledelig at det også blei arrangert ein egen klasse for Junior sittande, med 5 deltakara som spelte alle-mot-alle. Det var nok fleire der som er inspirert av legenden Tommy Urhaug, og da er då ekstra kjekt å sjå at vinnaren frå Paralympics i Paris 2024 er tett på hagane under kampar og er med og bidrar med tips og oppmuntring til dei unge utøvarane.
Filip Lu Oppheim (Kinsarvik/Harding) vann Jr-Wheelchair føre Emmanuel Ivan (Bergen PIL) og Kosta Uzur (Randesund IF)
Søndagen var det lagt opp til skadeklassar, her er spelarane delt inn i klassar ift. funksjonsevne, nermare bestemt Sittande, 6/7, 8, 9/10 og 11.
Alle klassane, utanom 6/7, vart gjennomført som alle-mot-alle pga. relativt lav deltaking. 6/7 var det 2 puljer med 5 og påfølgande semifinalar og finalar.
Klassevinnara blei som følger:
Sittande: Tommy Urhaug (Stord BTK)
6/7: Krizander Magnussen (Stord BTK)
8: Steffen Lande Salomonsen (Stord BTK)
9/10: Michal Czarny (Team Poland)
11: Dennis Johansson (Varbergs BTK)
Michal Czarny frå Polen vant skadeklasse 9/10
Heile resultatlista kan lesast her
Undertegna har hatt oppgåva med å styra sekreteriatet, og sjølv om det var ei relativt enkel oppgåva mtp. antall deltakara så håpar i allefall eg at det blir noko meir hektiskt neste år.
Ein særdels blid og motivert gjeng frå Bergen PIL, saman med ein flott gjeng frå Hardanger og eit par enkle sjeler i form av Charlotte Strømme og Morten Bendiksen må også få ein liten annerkjennelse. Dei har dømt time etter time uten ein einaste klage.
Morten Bendiksen er kjent for dei fleste i regionen, her har han kontroll på ein av dei vel 200 kampane som blei spelt gjennom helga.
Kristian Nordheim frå arrangørklubben mottar her deltakarpremie frå turneringsgeneral Stig-Erik Elliott.
På vegne av arrangørane så må ein og senda ei stor takk til Sportsklubben Heros for lån av utstyr og Region Vest for økonomisk støtta.
Ein kan og lesa om arrangementet på både Bergen PIL si facebook side og arrangementets egen facebookside her