Bordtennis / Regioner / Region Vest / Nyheter / God innsats i Trondheim
Spelarar og lagleiar frå Region Vest
Foto: Privat
Spelarar og lagleiar frå Region Vest Foto: Privat

God innsats i Trondheim

Region Vest reiste til Trondheim med 3 spelarar og lagleiar, Tea. Spelarane som representerte "oss" var Sander Holmelid (Laksevåg BTK) , Aditya Kale (Sportkl. Heros) og Thomas Sæverud (Stord BTK). Utenom bordtennis-spel så vart det også lagt opp til sosiale aktivitetar på tverrs av regionane.

Spelemessig var Region Vest ein av 3 lag som hevda seg svært bra og enda på 4 sigrar og 1 tap og alle hadde lik kampkvote med 16 sigrar og 9 tap. Desverre var både Øst 1 og Øst 2 betre på settellinga så det blei ein "hederleg" 3. plass på gutane våre.

Sander blei turneringas beste spelar i den eldste klassen med siger i alle single og dobbelkampar.

Tea melder om ein kjekk gjeng som reiste frå Regionen og alle oppførste seg flott der dei støtta kvarandre gjennom heila helga.

Me vil og gratulera Aditya som fekk utmerkelsen som turneringens forbilde.

Bilde 3.jpg

Her kan de lesa meir om kva arrangører skriv.

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping