Bordtennis / Nyheter / 2023 / Nettverkssamling for framtidas idrettsleiarar
Trener 2.jpg

Nettverkssamling for framtidas idrettsleiarar

Ungdomsutvala i Vestland idrettskrets og Viken idrettskrets inviterer til nettverkssamling for framtidas idrettsleiarar i samband med Idrettstinget i Bergen 2. - 4. juni 2023. Vi gjer merksam på frist for å søke om plass innan 17. april.

Hovudmålet med samlinga er å bruke idrettstinget til å aktivt rekruttere og gje kompetanse til fleire unge frå heile organisasjonen til vidare frivillig engasjement i idretten, og å inspirere og gi innblikk i korleis det er å vere leiar i norsk idrett på idrettstinget.

Kven kan delta?
Nettverkssamlinga er open for deltakarar mellom 15 - 26 år frå heile landet, som har eit verv eller ei rolle i eit idrettslag, idrettsråd, idrettskrets, særkrets/region eller forbund. Samlinga har totalt 50 plassar, og alle som ønsker å delta sender sjølv inn søknad i skjemaet under. Merk at deltakinga må vere avklart med det organisasjonsleddet som ein skal representere.

Deltakarar under 18 år
Om organisasjonsleddet ønsker å sende representantar under 18 år, må føresette signere på samtykkeskjema. Dette sendast ut saman med stadfesting på tildelt plass.

Økonomi
Det er ei deltakaravgift på kr. 1 000 som betalast av organisasjonsleddet. Måltid og overnatting er inkludert i deltakaravgifta.

Praktisk informasjon
Nettverkssamlinga vil finne stad på Comfort Hotel Bergen Airport som ligg i gangavstand til Idrettstinget. Samlinga vil ha oppstart fredag kveld. Det er lagt opp til at deltakarane skal vere observatører med oppgåver på delar av Idrettstinget. I løpet av samlinga vil det også bli gjennomført besøk hos eit idrettslag. Meir informasjon og program for samlinga vil bli sendt til deltakar saman med stadfesting på tildelt plass.

Merk at samlinga vert gjennomført med forbehald om nok deltakarar innan 17. april 2023, og at finansering er på plass (det vert søkt Ung Frivillig Fond).

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping