Under vekas treningsleir på Stord har det vert dialog mellom klubbleiarane og ein har vert samde om å prøva noko saman for å skapa meir aktivitet i klubbane. Og kanskje også på sikt i regionen.
Avtalen går ut på at begge klubbane arrangerer ei dagssamling før jul og ei etter jul. Den siste samlinga blir i Olsvikhallen samstundes som Laksevåg spelar Eliteserie, slik at dei unge bordtennisspelarane kan kombinera trening med å sjå nokre av dei beste spelarane serien vår har å by på.
Tanken er at andre klubbar også kan få vera med på samlinga og det vil komma innbydelse til andre klubbar i distrikta i forkant av samlingane.
Katalysatorane for samlinga, Atle Irgens og Otto Hatlebakk, håpar at nokre gode samlingar skal gi utbytte både treningsmessig men også å skapa eit sosialt nettverk for dei litt yngre spelarane.
Fokus på samlingane blir ein kombinasjon av teknikktrening og kamptrening.
Link til sak på Laksevågs heimasida.