Bordtennis / Regioner / Region Vest / Nyheter / Region Vest representert i Stockholm Paragames
Seierspallen i Skadeklasse 7.
Foto: Privat
Seierspallen i Skadeklasse 7. Foto: Privat

Region Vest representert i Stockholm Paragames

Krizander Magnussen frå Stord BTK, Lukas Ytrøy og Sander Høieggen frå Bergen PIL var tidlegare i November i Sverige og deltok i Stockholm Paragames 2024. Turneringa gjekk i Solna-hallen lika utanfor Stockholm sentrum 2-3. November.

Sander spelte dobbel m/Lukas, Prestasjonsklasse 1, Junior og Skadeklasse 7
Sander spelte mykje bra bordtennis denne helga og kom til kvartfinalen i junior men tapte 3-0 mot unge og lovande Felix Hernblom frå Lekstorp IF (Felix spelar skadeklasse 8). I klasse 7 stoppa da og i kvartfinalen mot Jonas Hansson frå Kungäls BTK, ranka nr 9 i verden i denna klassen. Nøkkelen for Sander er å bli enda meir stabil på sitt beste nivå for då tar han poeng også mot dei beste spelarane.

Lukas spelte dobbel m/Sander, Prestasjonsklasse 2, Junior og Skadeklasse 7
Lukas har vert utan trening ein lengre periode, og sånn sett så leverte han gode prestasjonar. I Prestasjonsklasse 2 spelte han seg ut av pulja, men møtte Jeanette Björndahl i første kamp og blei litt satt ut av både material og spelestil. Dette tok Lukas lærdom av og søndagen blei da nytt møte mellom dei, og denne gang vant Lukas 3-1 i semifinalen i B-sluttspelet i Skadeklasse 7. I finalen fekk han møta endo meir "nubbe-fark" mot Henrik Nguyen frå FIFH Malmø. Her leda Lukas 1-0 men måtte til slutt sjå seg slått med 1-3.

Krizander spelte dobbel m/Kristoffer Rye-Holmboe, Prestasjonklasse Elite, Junior og Skadeklasse 7.
Krizander var litt usikker på egen form før stevnet då da ikkje har vore spelt para-konkurransar for hans del sidan juni. Lørdagen starta med dobbel og da nykomponerta paret spelte seg greit fram til semien der da blei ein brutalt møte med dei kommande vinnarane.
I Eliteklassen kom han i ei tøff pulja saman med Jonas Hansson, David Olsson og Tobias Hansson. Ei åpen pulja som var veldig jevn, og Krizander kom ut av pulja som 2'er etter gode seirar mot Jonas og David. I semifinalen blei da tap 1-3 mot Anja Händèn frå Halmstad BTK, Anja er ranka 8 i verden i klasse 10 og vant finalen relativt enkelt.
Krizander var seeda som nr 3 i juniorklassen og spelte mykje god bordtennis. Han slo blant anna fleire lovande svenske spelarar som tilhøyrer klasse 9 og 10. I Skadeklasse 7 fekk Krizander eit nytt møte med Jonas Hansson og også denne gang kom han seirande ut, veldig sterkt å vinna 2 av 2 mot nr. 9 i verden i kamp om finaleplass. Dette gav han muligheten til å få eit nytt møte med Sam Gustavsson, Krizander opna sterkt og leda 1-0, men Sam snudde og hadde 2-1 ledelse før Krizander kom tilbake til 2-2. I 5. settet blei da også veldig jevnt og Krizander måtte berga matchball imot på stillingen 10-11, men spelte nokre av dei beste ballane derifrå og ut og sikra seieren 13-11. Alt i alt er Krizander fornøyd med turen til Sverige som enda med 2 Gull og 2 Bronsemedaljar.

Beklageligvis så har ikkje undertegna full kontroll på alle detaljar/resultater for Lukas og Sander, men muligens NBTF kommer med egen sak av blant anna våre 2 bergensarar.

Legg ved komplett resultatliste for dei "nerdane" som skulle vera interesserte i den slags.

STIGA TTEX IDRETTSBUTIKKEN.NO VT Profilering Cara AS Thon hotell Kongsberg Gerflor DNV Norsk tipping