Skrevet av Jack Feng
Her fylgjer informasjon om overnattingsmoglegheiter i samband med Senior-NM 2017, som vert arrangert i Norheimsund og Øystese 3.-5. mars. Me oppfordrar alle om å bestilla overnatting så tidleg som mogleg!
Det finst eitt hotel i Norheimsund og eitt i Øystese. I tillegg finst det fleire campingplassar samt ei rekkje aktørar som leiger ut hytter i området. Hardanger BTK kan anbefala fylgjande alternativ:
Thon Hotel Sandven i Norheimsund:
Enkeltrom pr natt 795,-
Dobbeltrom pr natt 795,-
Tre personar i rom pr natt 995,-
Fire personar i rom pr natt 1295,-
Alle prisar inkluderer frukost.
Hotellet har berre eit begrensa antal rom til desse prisane! Bestill tidleg for å vera sikra rom til desse prisane! Bestilling må vera gjort innan 20. januar for å få avtaleprisen, men ved stor pågang vil ein ikkje vera sikra avtalepris så lenge.
Hotellet har også leilegheiter.
Bestilling skjer direkte hjå hotellet. Oppgje bookingkode 24278269.
http://www.thonhotels.no/hoteller/land/norge/norheimsund/thon-hotel-sandven/
Tlf: 56 55 20 88
Thon Hotel Sandven ligg i Norheimsund sentrum, berre eit par minuttars gange frå Norheimsund idrettshall. Alle offisielle klassar vil verta spela i denne hallen.
Me viser elles til Norges Bordtennisforbund sin samarbeidsavtale med Thon Hotel, og anbefalar hotellet!
Hardangerfjord Hotel i Øystese:
Enkeltrom pr natt 995,-
Dobbeltrom pr natt 1200,-
Tre personar i rom pr natt 1710,-
Alle prisar inkluderer frukost.
Bestilling skjer direkte hjå hotellet. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.
http://www.hardangerfjord-hotell.no/
Tlf: 56 55 63 00
Hardangerfjord Hotel ligg i Øystese sentrum, berre eit par minuttars gange frå Øystesehallen. B-klassane vil truleg verta spela i denne hallen. Finalane i klassane går truleg i Norheimsund idrettshall.
Hardanger feriesenter – mellom Norheimsund og Øystese:
Enkeltbestilling ein person pr natt 240,-
Hytte med fire senger pr natt 950,-
Hytte med seks senger pr natt 1650,-
Rabatt ved leige av heile anlegget (40 plassar)
Frukost kan kjøpast i kafè.
Bestilling skjer direkte hjå Hardanger Feriesenter, som også har campingplass. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.
http://www.hardanger-resort.com/
Tlf. 920 50 955
Hardanger Feriesenter ligg mellom Norheimsund og Øystese – nokre få minuttars køyring frå kvar av hallane.
Vågen rom og hytteutleige i Vikøy:
Hytte med ti senger pr natt 2400,- (dersom ein leiger tre netter)
Leilegheit med seks senger pr natt 1850,-
Bestilling skjer direkte hjå Vågen rom og hytteutleige. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.
Tlf 56 55 25 21
Vågen rom og hytteutleige ligg i Vikøy – om lag fem minuttars køyring frå Norheimsund idrettshall.
Oddland camping i Vikøy:
Hytte med fem-seks senger pr natt 1450,-
Bestilling skjer direkte hjå Oddland Camping. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.
Tlf 907 95 552
Oddland camping ligg i Vikøy – om lag fem minuttars køyring frå Norheimsund idrettshall.
Informasjonen finn ein også under Senior-NM 2017 i menyen øverst på hbtk.no og på Facebook-arrangementet Senior-NM i bordtennis 2017.