Stord Cup 2019 og Vest cup 21-22.september

133

Stord Bordtennisklubb har med dette gleda av å be inn til årets Stord Cup med innlagt Vest Cup for yngre.  Stevnet vert avvikla helga 21-22. september i gamlehallen i Stord Idrettspark.  Me vil også nytta bordtennishallen i nokre yngre klassar om påmelding vert stor.  Stord Cup er norges eldste stevne som fortsatt vert arrangert.

Stord BTK arrangerte det første Stord Cup i 1978 og me har arrangert det kvart år sidan den gong.  Årets Stord Cup er nr 42 i rekkja.  Hallen open for trening 1 time før stevnestart begge dagar

 

Klasseinndeling laurdag 21.september

 

Bolk 1 kl 11.00

Herrer dobbel cup      kr 150,-                                  Vest Cup                     kr 120,-

 

Bolk 2 kl. 12.00                                           Bolk 3 ca. kl.15.00

 

Herrar åpen                kr 150,-                                  Herrar E                      kr 150,-

Gutar 13 år                 kr 100,-                                  Gutar 15 år                 kr 100,-

Herrar F                      kr 150,-                                  Herrar veteran            kr 150,-

Herrar C                     kr 150,-                                  Herrar B                     kr 150,-

Damer åpen                kr 150,-                                  Jenter 13 år                 kr 100,-

Jenter 15 år                 kr 100,-                                  Nybyrjarklasse           kr 100,-

Funksjonshemma       kr 150,-

 

Ein kan melda seg på i ein klasse i kvar bolk.  Spelarar som spelar Vest Cup kan ikkje delta i bolk 1.  Sjå vedlagte innbydelse for Vest Cup.

I kvar klasse er det inkludert kr 10,- i «stevne 10 aren»  Denne er innført av NBTF,

og pengane skal gå til tiltak i regionen.

Klassar med færre enn 4 deltakarar kan bli strokne.

 

Ved stor deltaking i nybyrjarklassen, vert spelarane delt inn i ulike aldersgrupper.

4-manns puljer i alle klassar.  Best av 5 sett i alle klassar.

 

Klasseinndeling sundag 22.september Stemnestart kl.10.00

 

Herrar lag                               kr 310,- pr. lag           Herrar D lag               kr 310,- pr. lag

Herrar F lag                            kr 310,- pr. lag           Damer/jenter              kr 310,- pr. lag

Gutar lag                                kr 210,- pr. lag           Nybyrjar lag               kr 210,- pr. lag

Corbillion cup(2-mannslag) i alle klassar, du kan vera tre spelarar på eit lag og setja inn ny

spelar i dobbel, og du kan bruka ulike spelarar i ulike kampar.  Er lov å miksa lag frå ulike

klubbar. Puljespel i alle lagklassar.  Tapar må døma ein kamp etterpå.

Påmelding innan 13. september til: atle.irgens@sklbb.no

Premiering:

Gåvepremiar og diverse bordtennisutstyr.

Pokalar i nybyrjarklassane, 11 og 13 år, herrar F og herrar E

Startkontingent: Det vert sendt ut faktura etter stevnet.

Turneringa er underlagt NBTF sitt konkurransereglement

NIF sine dopingsbestemmelsar gjeld for alle deltakarar

Alle som er fødd i 2007 eller før må ha betalt lisens til NBTF

Ballar: Stiga XXX plastballar

Bord: Butterfly, Yasaka, Stiga

Stevneleiar:   Arve Skogen og Atle Irgens

Styrkeseeding i alle klassar etter gjeldande reglar

Det vert kiosk med salg av mat og drikke

Eventuelle opplysningar: Atle Irgens 99725051 eller mail: atle.irgens@sklbb.no

Me håpar på god deltaking frå dykkar klubb, og ønskjer alle vel møtt til årets Stord Cup.

Med sportsleg helsing

Stord BTK

Atle Irgens (s.)

 

Vest Cup region vest sesongen 2019-2020

Region Vest innbyr til turnering for spelarar under 15 år sesongen 2019/2020.

Heilt ferske spelarar som er eit eller to år eldre kan søkja dispensasjon for å delta.

Det blir 4 stevner, to før jul og to etter jul.  Eit stevne i Bergen før jul og eit på Stord før jul og to stevner etter jul.

Det blir innleiande puljespel der alle spelarane går vidare til nytt puljespel. Nr 1 og 2 i innleiande pulje møter nr 1 og nr 2 i dei andre puljene.  Nr 3 i puljene spelar mot kvarandre og nr 4 i pulje spelar mot kvarandre.  Ved stor deltaking kan spelarane bli inndelt i to ulike aldersklassar.

Dei beste spelarane etter rankingen vert seeda som nr 1 i ulike innleiande puljer.

Målet er at regionen sine yngre spelarane skal få god kamptrening med mange kampar på ein dag.  God trening er viktig, men lika viktig er da å få trena på kampsituasjon.  Me oppfordrar og klubbane å stilla med eldre ungdomar og andre, som kan trena på lagleiarfunksjonen.

Me legg ikkje opp til noko stor prestisje i disse turneringane, det er lika mykje å sjå på som utdanning av spelarar og lagleiarar.  Alle skal prøva å vinna sjølvsagt, men me håpar og trur på at det skjer i ein sportsleg og god tone.

Terminliste

Første Vest Cup: Laurdag 21. september i forbindelse med Stord Cup 21-22. september.

Info om dei tre andre Vest Cup vert sendt ut så snart terminlista er klar.

Startkontingent: kr 120,-

Premiering: Pokal til dei tre beste

Dømming: Ledige spelarar dømmer kampane

Lisens: Alle deltakarar fødd i 2007 eller før må ha betalt lisens til Norges Bordtennisforbund

Arrangørklubb sørger for salg av enkel mat og brus

Påmelding tirsdag før turnering sånn at me får ein viss oversikt over kor mange som kjem, men me tar i mot spelarar heilt fram til start om det ikkje er fullt

Me håpar alle klubbar prioriterer dette viktige tiltaket for våre yngre spelarar, sånn at dei får eit bra kamptilbud, som gjer at me klarar å halda på dei og at me utviklar spelarane våre.

Region Vest