Stord Cup 1-2 desember 2018

80

Tekst: Atle Irgens

Stord Bordtennisklubb har med dette gleda av å be inn til årets Stord Cup. Stevnet vert avvikla helga 1-2. desember i gamlehallen i Stord Idrettspark. Me vil også nytta bordtennishallen i nokre yngre klassar om påmelding vert stor.

Stord Cup er norges eldste stevne som fortsatt vert arrangert. Stord BTK arrangerte det første Stord Cup i 1978 og me har arrangert det kvart år sidan den gong.

Årets Stord Cup er nr 41 i rekkja, men me har jubileum også i år, sidan det er 40 år sidan det første Stord Cup vart arrangert.

innbydelse Stord Cup 2018

Fristen går ut: 23.11.2018