Overnatting senior-NM 2017

    Skrevet av Jack Feng

    Her fylgjer informasjon om overnattingsmoglegheiter i samband med Senior-NM 2017, som vert arrangert i Norheimsund og Øystese 3.-5. mars. Me oppfordrar alle om å bestilla overnatting så tidleg som mogleg!

    Det finst eitt hotel i Norheimsund og eitt i Øystese. I tillegg  finst det fleire campingplassar samt ei rekkje aktørar som leiger ut hytter i området. Hardanger BTK kan anbefala fylgjande alternativ:

    Thon Hotel Sandven i Norheimsund:

    Enkeltrom pr natt 795,-

    Dobbeltrom pr natt 795,-

    Tre personar i rom pr natt 995,-

    Fire personar i rom pr natt 1295,-

    Alle prisar inkluderer frukost.

    Hotellet har berre eit begrensa antal rom til desse prisane! Bestill tidleg for å vera sikra rom til desse prisane! Bestilling må vera gjort innan 20. januar for å få avtaleprisen, men ved stor pågang vil ein ikkje vera sikra avtalepris så lenge.

    Hotellet har også leilegheiter.

    Bestilling skjer direkte hjå hotellet. Oppgje  bookingkode 24278269.

    http://www.thonhotels.no/hoteller/land/norge/norheimsund/thon-hotel-sandven/

    Tlf:  56 55 20 88

    Thon Hotel Sandven ligg i Norheimsund sentrum, berre eit par minuttars gange frå Norheimsund idrettshall. Alle offisielle klassar vil verta spela i denne hallen.

    Me viser elles til Norges Bordtennisforbund sin samarbeidsavtale med Thon Hotel, og  anbefalar hotellet!

    Hardangerfjord Hotel i Øystese:

    Enkeltrom pr natt  995,-

    Dobbeltrom pr natt 1200,-

    Tre personar i rom pr natt 1710,-

    Alle prisar inkluderer frukost.

    Bestilling skjer direkte hjå hotellet. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.

    http://www.hardangerfjord-hotell.no/

    Tlf: 56 55 63 00

    Hardangerfjord Hotel ligg i Øystese sentrum, berre eit par minuttars gange frå Øystesehallen. B-klassane vil truleg verta spela i denne hallen. Finalane i klassane går truleg i Norheimsund idrettshall.

    Hardanger feriesenter – mellom Norheimsund og Øystese:

    Enkeltbestilling ein person pr natt 240,-

    Hytte med fire senger pr natt 950,-

    Hytte med seks senger pr natt 1650,-

    Rabatt ved leige av heile anlegget (40 plassar)

    Frukost kan kjøpast i kafè.

    Bestilling skjer direkte hjå Hardanger Feriesenter, som også har campingplass. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.

    http://www.hardanger-resort.com/

    Tlf. 920 50 955

    Hardanger Feriesenter ligg mellom Norheimsund og Øystese – nokre få minuttars køyring frå kvar av hallane.

    Vågen rom og hytteutleige i Vikøy:

    Hytte med ti senger pr natt 2400,- (dersom ein leiger tre netter)

    Leilegheit med seks senger pr natt 1850,-

    Bestilling skjer direkte hjå Vågen rom og hytteutleige. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.

    http://www.vaagenhytte.no/

    Tlf  56 55 25 21

    Vågen rom og hytteutleige ligg i Vikøy – om lag fem minuttars køyring frå Norheimsund idrettshall.

    Oddland camping i Vikøy:

    Hytte med fem-seks senger pr natt 1450,-

    Bestilling skjer direkte hjå Oddland Camping. Gje beskjed om at opphaldet gjeld i samband med Senior-NM i bordtennis.

    http://www.oddlandcamping.no/

    Tlf  907 95 552

    Oddland camping ligg i Vikøy – om lag fem minuttars køyring frå Norheimsund idrettshall.

    Informasjonen finn ein også under Senior-NM 2017 i menyen øverst på hbtk.no og på Facebook-arrangementet Senior-NM i bordtennis 2017.