Hordacup i region vest sesongen 2018-2019

94
Fra venstre: 1.Olve Tvedten, Stord, 2.Finkel H- Haugen, Laksevåg, 3.Jakob Hystad, Stord, 3.Benjamin Åsheim, Laksevåg Klart for ny stevneform i Vest

Av Atle Irgens og Otto Hatlebakk

Fra venstre: 1.Olve Tvedten, Stord, 2.Finkel H- Haugen, Laksevåg, 3.Jakob Hystad, Stord, 3.Benjamin Åsheim, Laksevåg
Klart for ny stevneform i Vest

Region Vest innbyr til turnering for spelarar under 15 år sesongen 2018/2019.

Heilt ferske spelarar som er eit eller to år eldre kan søkja dispensasjon for å delta.

Det blir 4 stevner, to før jul og to etter jul.  Eit stevne i Bergen før jul og eit på Stord før jul og to stevner etter jul.

Det blir innleiande puljespel der alle spelarane går vidare til nytt puljespel. Nr 1 og 2 i innleiande pulje møter nr 1 og nr 2 i dei andre puljene.  Nr 3 i puljene spelar mot kvarandre og nr 4 i pulje spelar mot kvarandre.  Ved stor deltaking kan spelarane bli inndelt i to ulike aldersklassar.

Dei beste spelarane etter rankingen vert seeda som nr 1 i ulike innleiande puljer. Det blir ein dags stevne med start kl.12.00 og me satsar på at det er ferdig seinast kl.17.00

Målet er at regionen sine yngre spelarane skal få god kamptrening med mange kampar på ein dag.  God trening er viktig, men lika viktig er da å få trena på kampsituasjon.  Me oppfordrar og klubbane å stilla med eldre ungdomar og andre, som kan trena på lagleiarfunksjonen.

Me legg ikkje opp til noko stor prestisje i disse turneringane, det er lika mykje å sjå på som utdanning av spelarar og lagleiarar.  Alle skal prøva å vinna sjølvsagt, men me håpar og trur på at det skjer i ein sportsleg og god tone.

Terminliste

  • Laurdag 29. september i Olsvik Idrettshall påmelding: otto.h@laksevagbtk.no frist 25.september Domarkurs for yngre spelarar med praksis
  • Laurdag 3. november Stord Bordtennishall påmelding: irgens@sklbb.no frist 30. oktober Kurs: Bordtennis i kampsituasjon med praksis

 

  • Laurdag 19. januar Plass ikkje bestemt, vert oppdatert frist 15. januar Kurs:Lagleiarfunksjon for nye trenarar/lagleiarar med praksis
  • Laurdag 22. april Plass ikkje bestemt, vert oppdatert frist 18. april

 

Startkontingent: kr 60,-

Premiering: Pokal til dei tre beste

Dømming: Ledige spelarar dømmer kampane

Lisens: Alle deltakarar fødd i 2006 eller før må ha betalt lisens til Norges Bordtennisforbund

Arrangørklubb sørger for salg av enkel mat og brus

Påmelding tirsdag før turnering sånn at me får ein viss oversikt over kor mange som kjem, men me tar i mot spelarar heilt fram til start om det ikkje er fullt

Me håpar alle klubbar prioriterer dette viktige tiltaket for våre yngre spelarar, sånn at dei får eit bra kamptilbud, som gjer at me klarar å halda på dei og at me utviklar spelarane våre.

 

Region Vest