HARDANGER SOMMARCUP 2018 – Hardanger Sommarweekend 2018

184
Hardanger BTK seriemester i 2. divisjon avd. A og rykker opp til 1. divisjon
Hardanger BTK seriemester i 2. divisjon avd. A og rykker opp til 1. divisjon

Hardanger BTK har gleda av å invitera til Hardanger Sommarcup 2018. Stemnet vert arrangert i Norheimsund idrettshall sundag 17. juni. I tillegg inviterer vi til Sommarweekend!

Stemnet er underlagt NBTF sitt konkurransereglement og NIF sine dopingbestemmelsar.

Stemnetiaren ligg inne i startkontingenten.

Bolk 1  Kl. 11.00 (3-ar-pulje –  to par vidare)                                              

Herrar dobbel                        kr 150,-

Golden Girls dobbel              kr 150,-

Herrar C dobbel                     kr 150,-

Herrar E dobbel                     kr 150,-

Gutar/jenter 13 dobbel         kr 120,-

Nybyrjar dobbel                     kr 120,-

Bolk 2  ca. 12.30 (4-ar-pulje – to spelarar vidare)  

Herrar open                         kr 140,-

Golden Girls                         kr 140,-

Herrar C                               kr 140,-

Herrar E                               kr 140,-

Gutar/jenter 13                   kr 100,-

Nybyrjar                               kr 100,-

Spelarar kan melda seg på i ein klasse pr bolk.

Det vert spela best av 5 sett i alle klassar.  Tapar må døma ein kamp etterpå

Alle som er fødd i 2005 eller før må ha betalt lisens til NBTF

Klassar med mindre enn fire deltakarar kan bli strokne.

Påmelding:                  Seinast  10.  juni til

hardangerbtk@gmail.com

Startkontingent:         Me sender ut giro på startkontingent etter stemnet

Turneringsleiing:        Jack Feng, Simon Feng, Håvard Markhus

 

Overdommar:             Sverre Valderhaug

 

Trekning:                     Trekninga vert offentleggjort i hallen før start.

Stemnestart:               Kl. 11.00

Seeding:                      Klubb- og styrkeseeding etter NBTF sitt reglement.

Bord:                           Stiga

Ballar:                         Stiga

Mat:                            Det vert kiosksal i hallen.

Info:                            Jack Feng (hardangerbtk@gmail.com, 96859349)

 

VELKOMEN TIL NORHEIMSUND!

Hardanger Sommarweekend 2018

– 25 årsjubileum!

I 1993 vart den første sommarleiren i Norheimsund arrangert. I år kan me difor feira at det er 25 år sidan det første leiren! Det gjer me under ei ny utgåve av Hardanger Sommarweekend i juni!

Hardanger BTK har gleda av å invitera til Hardanger Sommarweekend i Norheimsund 15.-17. juni! Spelarar i alle aldrar er velkomne!

Trening:                             Norheimsund idrettshall

Overnatting:                     Norheimsund idrettshall

Trenarar/sparring:          Roger Andersson (rangert som nummer 1 i Noreg i herrar senior) vert hovudtrenar. I tillegg er andre trenarar og sparringar frå arrangørklubben med.

Pris:                                    750,- inkl mat og overnatting

400,- utan mat og overnatting

Ta kontakt for pris dersom du ynskjer å vera med berre delar av helga.

Måltid:                               Fredag: Varmt måltid Laurdag: frukost, lunsj, grilling og varmt måltid

Sundag: frukost, deretter open kiosk

Aktivitetar:                       Bading i sjøen, grilling, natursti

Turnering:                          Sundagen vert den approberte turneringa Hardanger Sommarcup arrangert. Sjå eigen invitasjon. Deltaking i singel og dobbel er inkludert i prisen for Hardanger Sommarweekend.

Funksjonshemma:          Weekenden er spesielt tilrettelagt for funksjonshemma

Frammøte:                        Fredag kl. 17.30

Påmelding:                       Jack Feng (hardangerbtk@gmail.com)

Påmeldingsfrist:              1. juni

Deltakaravgift:                 Betalast til 3530 20 66955

Informasjon:                     Jack Feng (hardangerbtk@gmail.com, 96859349)

 

Det er begrensa antal plassar på weekenden. Meld deg på tidleg, så er du

garantert plass!

Vel møtt til fine sommardagar i vakre Hardanger og til ei kjekk avslutning på sesongen!